Vil du prøvebu i Nedrehagen?

Jens Sigurd Hagen, avdelingsleiar for Dvergsdal & Sunde i Sogn, gir deg no moglegheit til å “prøvebu” i Nedrehagen.

Som oftast må ein velje om ein vil leige eller eige når ein skal flytte. I Nedrehagen kan du velje om du vil leige først – så kjøpe. Om du så kjøper innan eit år, får du refundert opp til 6 mnd husleige.

Utbyggar Dvergsdal & Sunde likar å vere innovativ og prøve ut nye metodar. Derfor prøver dei no ut eit nytt konsept i Sogndal.
– For nokre er kanskje spranget til å kjøpe stort. Å kjøpe bustad er eit stort og viktig steg for dei fleste av oss. Difor vel nokre å heller leige. Vi tenkte at vi kunne kombinerer dette slik at ein fekk lov å prøve ut å bu i Nedrehagen, før ein bestemmer seg for om ein har lyst å kjøpe her. Derfor seier vi no at dei som er nysgjerrige på det flotte området Nedrehagen ikkje treng å bestemme seg i dag. I staden kan dei velje å leige seg ein flott bustad her. Og så seier vi: Om du finn ut at du har lyst å kjøpe, innan eit år, ja så refunderer vi opp til 6 mnd husleige, seier Jens Sigurd Hagen.
– Vi er så trygge på kvalitetane til bustadane og området Nedrehagen, at vi trur at når folk har fått prøve å bu her – ja då kjem dei til å få meir lyst til å kjøpe bustad og slå seg til ro her, smiler han.

Sentralt, nytt og moderne
Nedrehagen ligg sentralt plassert i Sogndal, i det nye bustadområdet i bygda, Nedrehagen.
– Dette er ein einebustad i rekkje, på 97m2, med tre soverom. Her bur du med kjøkken og stove med utgong til balkong. Du har eit romsleg bad med opplegg vil vaskemaskin i kjellar, du får stor innvendig bod og ei utvending bod i tillegg. Det er eit moderne og flott husvær, sentralt plassert i høve Sogndal sentrum, i det nye bustadmiljøet Nedrehagen. Her bur du blant anna særs nær Høgskulen. Bustaden har lett tilkomst og ligg nært og sentralt plassert i høve det meste i Sogndal, blant anna ligg høgskulen like ved. Her er det kort veg til det meste, og du er omfamna av vakker natur. Stikkord er fjord, fjell, bre, daler, elver og vatn i ei herlig blanding. Sogndal har alt du treng frå fjord til fjell med unike naturopplevingar sommar som vinter.

Nysgjerrig?
Ta kontakt med avdelingsleiar Jens Sigurd Hagen
Mobil: 40 44 47 10
Tlf.: 57 72 65 00
jens.hagen@dsgruppen.no

Eller dagleg leiar  Andrê Sunde
Mobil: 48 00 97 00
Tlf.: 57 72 65 00
andre.sunde@dsgruppen.no

Les meir her:

https://www.finn.no/realestate/newbuildings/ad.html?finnkode=60427515&q=Nedrehagen