Kjøp no i Flugetunet – flytt inn til jul

– Flugetunet på Vassenden er eit godt alternativ for deg som er ung og på jakt etter din første bustad, seier Narve Dvergdal.

Om du har lyst på på ein prisgunstig bustad, gode soltilhøve, flott utsikt, gangavstand til ”alt” du treng i kvardagen er einebustad i rekke i Flugetunet på Vassenden eit godt val.

To av fire av bustadane er alt seld, og alle skal vere klare til innflytting rundt juletider.
– Kjøper du bustad her får du mykje for pengane. Bruttoarealet i desse einebustadane er på 100 m2, inkludert carport, og dei kostar kr 2 650 000,-. Det er billigare enn brukte bustadar i meir sentrale område, seier Narve Dvergsdal i Dvergsdal & Sunde Bygg.

Perfekt for deg som er på jakt etter din første bustad
Flugetunet består av einebustandane i rekke, som høver særs godt for unge etablerarar.
– Når ein skal kjøpe sin etter din første bustad, har mange gjerne eit stramt budsjett. Det betyr ofte at ein må gå på kompromiss. Med desse bustadane har vi hatt fokus på å skape gode bustadar av høg kvalitet, i eit etablert bustadmiljø, med flotte kvalitetar i form av gode soltilhøve, flott utsikt og nærleik til dei tenestene du treng i kvardagen. Blant anna ved å bygge effektive bustadar, med godt utnytta areal. Oppe er det stove, kjøkken, bod og eit lite bad. Nede er det tre soverom og eit stort bad. Det er perfekt i høve dei som skal etablerer seg i sin første bustad. Bustaden er stort nok til at ein kan starte familie her, med ein inngangssum dei fleste klarar å handtere, seier Narve.

Klikk deg gjerne gjennom biletegalleriet

Fantastisk nærmiljø
Med bustad i Flugefeltet har du også gangavstand til det meste Vassenden kan by på.
– Butikk, kafé, skule, barnehage, skianlegg, elva, Jølstravatnet og golfbane – alt ligg i gangavstand frå bustaden. Du har fantastisk utsikt over dalen og elva. Bustadane ligg i eit etablert bustadmiljø, og som jølstring kan eg skrive under på at på Jølster er ein plass der du vil du trivast, seier Narve.
– Vassenden ligg også særs sentralt og godt til, både i høve regionen rundt oss, og ikkje minst Førde. Det er god kommunikasjon til Førde, og med bil er du 15-20 minutt unna fylket sin største arbeidsmarknad, samt det breie kultur- idretts og fritidstilbodet der. Vassenden er perfekt i høve pendling. Du finn det meste du treng i kvardagen her, samt at du har kort veg ut i naturen. Vegen er også kort, både til Nordfjord og Sogn.

For meir informasjon:

Narve Dvergsdal
Avdelingsleiar
Mobil: 48 00 28 00
Tlf.: 57 72 65 00
E-post: narve.dvergsdal@dsgruppen.no
https://www.dvergsdalogsunde.no/prosjekt/einebustad-i-rekkje-med-carport