Dvergsdal & Sunde Bygg AS – din bustadpartner

Narve Dvergsdal og Andre Sunde i Dvergsdal & Sunde Bygg AS

Når du skal realiserer draumen om einebustad, står Dvergsdal & Sunde Bygg AS klar til å hjelpe deg. Med kontor i Førde, Eid og Sogndal bygger dei gjerne einebustadar kvar som helst fylket vårt. 

– Mange kjenner oss nok som leverandør av store bustadprosjekt. Men vi bygger også mykje einebustadar og tomannsbustadar. Så om du har ein bustaddraum du ønskjer å realiserer, er det berre å ta kontakt, for å finne ut kva som er mogeleg å få til. Vi har lang erfaring med å bygge einebustadar her i fylket. Når du vel oss speler vi på lag, og leverer din drøymebustad nøkkelferdig, fortel André Sunde, dagleg leiar i Dvergdal & Sunde Bygg AS.
Har du ei spennande tomt du ikkje ønskjer å bygge på sjølv, er det også berre å ta kontakt.
Som prosjektutviklar er Dvergsdal & Sunde Bygg AS alltid på utkikk etter spennande moglegheiter.
– Vi er interesserte i å komme i kontakt med grunneigarar som sit med tomter, anten dei ønskjer å gå inn i ei utviklingsavtale, selje tomta eller bygge ut i form av eit samarbeid med oss. Det er slik vi ønskjer å jobbe, så viss det er nokon som sit på spennande område, så er det berre å ta kontakt. Vår jobb er å utvikle spennande tomter til attraktive, nøkkelferdige bustadar.

Moderne, framtidsretta hus frå Hus1 Norge

Dvergsdal & Sunde leverer hus frå ferdighusleverandøren Hus1 Norge. Det sikrar deg eit breitt utvalt av hus, av særs høg kvalitet.
– Ved utviklinga av Hus 1 Norge sine nye hus er lista lagt høgt når det gjeld kvalitet og innovasjon. Hus1 var tidlige ute og tilpassa seg nye krav i plan- og bygningslova. Blant anna blir deira hus levert med etasjehøgde på 260 cm, og dør/vindaugehøgde på 230 cm. Det gir både auka romkjensle, og ikkje minst meir dagslys i bustaden, utan at det kostar kunden noko ekstra.

Einebustadar for ein kvar smak
Hus1 Norge tilbyr ferdighus i seriane: Klassisk, Moderne, Smart, Qube og Herregård. Totalt har du 47 ulike hus å velje mellom.
– Klassisk er for deg som drøymer om eit klassisk hus på landet, i moderne versjon. Dette er ein bustad krydra med flotte signaturelement. Nærare den norske folkesjela kjem du ikkje, seier han.
– Moderne byr på stilfulle, moderne bustadar, med enorme moglegheiter for eit spennande og kreativt miljø inne. Bruk av ulike takvinklar gir takhøgder opp til 4,7 m, og ei unik romkjensle, seier han.
– Serien Smart byr på smarte løysingar – til smart pris. Dette er bustadar som høver dei fleste, uansett alder og stil. Om det er din første bustad, eller du ønskjer endring – det er smart å kikke på denne serien, seier Sunde.
– Qube-serien byr på spennande og nytt design og materialval, overbygde takkonstruksjonar og terrasser med reine linjer. Moderne byggeteknikk gjer dette til bustadar med mindre og enklare vedlikehald, seier André og har spart det beste til slutt:
– Herregård-serien dreg vekslar på stolte norske gardshus. Dette er Hus1 sine mest eksklusive bustadar. Her får du den herskaplege kjensla, og her kan du invitere til gilde på det store kjøkkenet ditt.

Drøymer du om ny einebustad?
Ta kontakt med André Sunde for meir informasjon:
480 09 700
andre.sunde@dsgruppen.no

For meir informasjon, og inspirasjon:

https://www.dvergsdalogsunde.no/bygge-hus/