Sagaparken Panorama – sentralt og fredeleg med sjøutsikt

Inge Rand trivast godt med å bu heilt i fjordkanten.

For Inge og Sigrun Rand var det ikkje draumen om einebustad og stor hage som lokka då dei fann ut at dei skulle flytte på seg. Det var det enkle, gode liv – og sjøutsikt. No har dei budd eit år i Sagaparken Panorama, og stortrivst.

– Eg har alltid vore ein gategut, som har budd i leilegheiter i sentrum. Både på Nordfjordeid og når eg har budd i større byar. Før vi flytta til Sagaparken budde eg i ei leilegheit i eit næringsbygg eg eig i Hola her på Nordfjordeid. Der er det næring i første etasje, så budde vi i andre og tredje etasje. Eg kjøpte huset etter far min, som flytta til stort hus med hage. For meg var ikkje det eit alternativ, eg vil bu sentralt i leilegheit, seier Inge Rand og ler.

Hekta på sjøutsikt
Sidan han alt budde sentralt på Nordfjordeid, kjente han til prosjektet Sagaparken Panorma.
– Vi hadde byrja å tenke litt på å kjøpe leilegheit der, men då i byggetrinn 2. Den gang hadde vi nettopp pussa opp leilegheita i Hola, så det var i grunn for tidlig for oss. Men svigerson min var prosjektansvarleg for rør- og ventilasjon på prosjektet for Caverion, og han skrytte veldig av kor flott det var der. Vi var innom og kika, og vart meir og meir hekta, seier han og fortel kvifor.
– Vi budde alt sentralt på Nordfjordeid, men vi hadde ikkje direkte sjøutsikt. Når vi kom bort hit og såg utsikta, var vi alt delvis overtalt. Og så tok det eine det andre, og vi slo til.

Slik utsikt kan ein ikkje klage på.

Sentralt, men heilt stille og fredeleg
I desse dagar har Inge og Sigrun budd i Sagaparken eit år.
– Det har vore heilt fantastisk å bu her. Og eg kan forklare kvifor med noko eg syns er utruleg: Eg går inn inngangsdøra mot aust nede. Du høyrer trafikken frå Sjøgata og parkeringsplassen. Det kan vere eit kokande folkeliv på den sida, så går eg gjennom leilegheita og ut på terrassen mot vest, og det er heilt stille. Du bur midt i sentrum, men det er så stilt og fredeleg at du skulle tru du var langt ute på ”landet”. Å bu så sentralt, og likevel så fredeleg, det gjer utruleg godt. Kona mi kjem frå landelege omgivnadar i Levanger, og er vant med å bu stille. Ho syns det er like fredeleg her. Borte på Hola var det mykje bråk, frå blant anna tungtransport, her er det heilt stille.

Det enkle liv – med alt du treng innan gangavstand
– Kva er det beste med leilegheita?
– Det er rett og slett enkelt å bu her. Før budde vi over fleire etasjar, med soveromma øvst. Her er alt på eit plan, i ei lita, lettstelt leilegheit. Det er lite vedlikehald, og særs enkelt å halde reint her. Og berre tenk: Når eg blir eldre kan eg gå på butikken utan å stige ut døra. Det er fantastisk enkelt og behageleg å bu her. Vi har også mykje flotte naboar, og alt vi treng i gangavstand, blant anna butikkar og mindre enn eit steinkast unna ein restaurant. Og ikkje minst den flotte Sagaparken. Vi treng knapt å gå for å få det vi treng, når eg tenker meg om, vi bur jo oppå det meste vi treng. Det er utruleg behageleg, seier han.

André Sunde og resten av Dvergsdal & Sunde Bygg AS gler seg til å byrje på Bygg B i Sagaparken Panorama.

Sagaparken Panorma bygg B – 15 lyse og flotte leilegheiter med fantastisk fjordutsikt
Om litt får dei nøgde bebuarane i Sagaparken Panorma Bygg A nye naboar. Det neste prosjektet til Dvergsdal & Sunde på Nordfjordeid er nemleg Sagaparken Panorama Bygg B.
– Vi merkar at mange har lyst til å bu sentralt, og dei ønskjer ein enklare kvardag med mindre tidsbruk på vedlikehald og stell av hage og slike ting. Bygg A er no utseld, og vi er godt i gang med salet av Bygg B. Der skal det komme 15 lyse og moderne leilegheiter, fordelt på 2-,3- og 4-roms, frå 63,8 til 99,3 m2. Første etasje i bygget blir eit parkeringsanlegg, med heis til leilegheitene. Over der kjem fire etasjar med leilegheiter, som alle saman får fantastisk fjordutsikt, seier dagleg leiar i Dvergsdal & Sunde Bygg AS, André Sunde.

Siktar på innflytting siste del av 2019
André Sunde er også kontaktperson i Nordfjord-avdelinga til utbyggar, og ansvarleg for salet.
– Vi tek sikte på at ein skal kunne flytte inn i Bygg B i siste del av 2019. Dette blir eit fantastisk høve til å bu sentralt på Nordfjordeid, men likevel usjenert heilt i fjordkanten, seier han og fortel at dei gler seg til å komme i gang med dette flotte prosjektet.
– Dette er eit nytt bygg med nye leilegheiter, men med den same fantastiske utsikta mot Eidsfjorden. Her får ein den nye Sagaparken som nabo, og ekstremt kort avstand til butikkar, kaféar og andre tilbod på Nordfjordeid. Du bur i gangavstand til det meste. I Bygg B bur du i ei lys og moderne leilegheit, heilt i sjøkanten på Nordfjordeid sin beste vestkant, seier han og fortel at dei også lagar løysingar der nabolaget kan komme saman.
– I 4. etasje lagar vi ein stor, felles takterrasse med rom for aktivitetar, til dømes Boccia. Det blir også eit felles uteområde med benkar og fjordutsikt på plan to, og ein promenade framfor husa, seier han og fortel at det ikkje berre er handel og servicetilbodet du får nærleik til.
– Sagaparken, det nye parkanlegget på Nordfjordeid, ligg like ved leilegheitene her. Dette er ein flott, grøn møteplass for nærturar, samt leik og moro for små og store. Her finn du badestrand, sandvolleyballbane, grillplass og treningsinstallasjonar. Ønskjer du heller fred og ro, så kan du trekke deg tilbake på din eigen terrasse. Der kan du nyte fjorden, fjella og det levande uterommet, eller du kan opne dei store skyvedørene og sleppe naturen inn. Kanskje det er slik du ønskjer å leve det enkle liv?

Drøymer du om ein enklare kvardag?

Har du lyst på ein enklare kvardag, i ei topp moderne leilegheit med fantastisk utsyn over Eidsfjorden? Ta kontakt med André Sunde for meir informasjon:
480 09 700
andre.sunde@dsgruppen.no

Les meir:

http://bygg-b.sagaparken.no/