Eit enklare liv i Sagaparken Panorama

Truls Songstad og Oddbjørg Ljøkjell trivast godt med å bu heilt i fjordkanten.

Då Truls Songstad og Oddbjørg Ljøkjell flytta til Nordfjordeid i 1987 bygde dei ein stor einebustad øvst i Myklebuståsen. Men etterkvart ønskte dei ein enklare kvardag, og då fall blikket på ei leilegheit i Sagaparken Panorama.

– Vi har fire born, så vi bygde ganske stort, seier Oddbjørg.
– Huset var vel på rundt 240 m2 i bruttoareal, så det var meir enn stort nok, seier Truls.
– I tillegg var tomtene ganske små og bratte, så vi bygde i høgda. Det er litt dumt etter som ein blir eldre. Difor byrja vi å tenke på å finne noko mindre og enklare, seier Oddbjørg.

Kjøpte på impuls
I 2016 byrja dei aktivt å kike etter ein ny stad å bu.
– Sagaparken Panorma heldt eit presentasjonsmøte. Vi gjekk av nysgjerrigheit. Presentasjonen var flott, og vi enda med å kjøpe leilegheit same kveld, seier Oddbjørg og smiler.
– Kva var avgjerande for at de kjøpte?
– Vi var på jakt etter eit enklare liv. Vi kunne ikkje bli buande der vi budde. Eg hadde vore sjuk, og hadde problem med å køyre bil. Vi ønska ein enklare og meir praktisk kvardag. Ein bustad der vi kunne bli eldre utan å måtte tenke på stell av stor hage, og sleppe vedlikehald og reinhald av eit stort hus. Og vi ville bu nærare sentrum, seier ho.

Stor nok
Leilegheita dei bur i ligg i fjerde etasje i Sagaparken Panorama, og den er på 101m2.
– Det er rikeleg nok. Vi treng ikkje så mykje plass lenger. Vi har 1-2 veker kvart år der det er fullt, når barna vitjar oss. I fjor var barnebarna våre her under Malakoff – dei sov på balkongen, seier ho og smiler.
– Var det ein stor overgang å flytte ut av ein stor einebustad og inn i ei leilegheit?
– Eg syntest det var utruleg behageleg. Vi hadde god tid på å tømme huset. Vi byrja inst i kotta og leverte frå oss alt vi ikkje trong til gjenbruk hos Fretex, på loppemarknad og bruktbutikk. Vi hadde mykje bøker, så einaste utfordringa i samband med flyttinga var at vi ikkje fekk plass til alle. Vi fikk også selt huset til kjekke, fine folk. Det syns eg er veldig gøy, seier ho.

Stille og fredeleg i sjøkanten
Begge to trekk fram den sentrale plasseringa på Nordfjordeid som eit stort gode.
– Det er veldig kjekt å bu i Sagaparken Panorma. Her kan vi berre gå rett ut døra og ha alt i gangavstand, så eg treng ikkje bil, seier ho og fortel at dei bur veldig usjenert til.
– Det er utruleg stille og fint på sjøsida. Det er faktisk mykje mindre trafikkstøy her, enn kva vi hadde i Myklebuståsen. Og så har vi ein flott balkong, i sjøkanten, med fantastisk utsyn. Ein får slik ro når ein sit her og høyre bølgjene skulpe. Her kosar vi oss verkeleg, seier ho og viser ut på balkongen, med panorama-utsyn over fjorden.

Slik utsikt kan ein ikkje klage på. Truls og Oddbjørg trivast godt på balkongen.

Mindre vedlikehald – meir trivsel
Eit stor hus krev mykje vedlikehald. Ei moderne, triveleg leilegheit frigjer tid til andre ting.
– Det er utruleg kjekt å sleppe å tenke vedlikehald, maling og at pipa skulle vore fiksa. Og med vinteren frisk i minne: å sleppe at det kjem så mykje snø at vi ikkje får bilen ut av garasjen. Her er det berre å køyre bilen inn i parkeringsanlegget og ta heisen opp til leilegheita. Vi hadde stor hage, som eg i blant kan sakne litt. Men jammen er det fint å sleppe å stelle den. Då vi skulle flytte var det mange ting eg tenkte eg kom til å sakne med det gamle huset vårt. Til dømes peisen, der vi brukte å sitte og kose oss. Men faktum er at eg ikkje saknar ein einaste ting, slår han fast.
– Av og til trur eg ikkje det er sant at vi bur her, seier Oddbjørg. – Det er så mykje enklare å bu og leve her, at eg i blant klyp meg i armen. Vi flytta inn i noko heilt nytt, reint og ubrukt. Og så er det så mykje lettare å halde orden og halde reint her.

Nærleik til alt
– Eg har blitt flinkare til å røre på meg og vere aktiv etter at vi flytta hit. Eg hadde problem med å gå i marka. Her er masse flate og flotte nærturar rundt oss. Eg går meir ut enn før. Det har vore veldig fint å bu her. Og så bur vi praktisk talt på butikken, det er særs praktisk når det er vinter og glatt. Ein får tak i alt ein treng i nærleiken, seier ho.
– Når det er fint ver prøvar vi å gå opp i den flotte Eidsgata og handle der. Vi får alt vi treng ”på huset”, men vi ønskjer å bidra til å halde liv i Eidsgata. Ein må bruke det flotte ein har, slik at ein kan behalde det, seier Truls og fortel at dei merkar at dei nyttar seg meir av dei ulike tilboda i sentrum når dei bur midt i dei.
– Det blir til at ein nyttar seg litt meir av tilboda når ein slepp å tenke på skyss heim. Det har blitt fleire turar på Operahuset, og at ein går og tek seg eit glas øl i blant. Vi har nok også gått meir på kafé enn vi ville gjort om vi framleis budde der oppe, seier han.
– Sagaparken er blitt veldig fin. Heile nabolaget har blitt veldig flott, ikkje minst opp langs elva. Ein har fått utruleg mange fine småturar ein kan gå. Det har vore ei enorm utvikling, som gjer dette til ein flott stad å bu. Mykje å sjå fram til er det også. Eg gler meg til Sagaparken Panorama Bygg B står klar, og til vikingparken opnar. Dei held på å bygge Mykjebustskipet no. Dette kjem til å bli eit fantastisk flott område, avsluttar Truls.

André Sunde og resten av Dvergsdal & Sunde Bygg AS gler seg til å byrje på Bygg B i Sagaparken Panorama.

Sagaparken Panorma bygg B – 15 lyse og flotte leilegheiter med fantastisk fjordutsikt
Om litt får dei nøgde bebuarane i Sagaparken Panorma Bygg A nye naboar. Det neste prosjektet til Dvergsdal & Sunde på Nordfjordeid er nemleg Sagaparken Panorama Bygg B.
– Vi merkar at mange har lyst til å bu sentralt, og dei ønskjer ein enklare kvardag med mindre tidsbruk på vedlikehald og stell av hage og slike ting. Bygg A er no utseld, og vi er godt i gang med salet av Bygg B. Der skal det komme 15 lyse og moderne leilegheiter, fordelt på 2-,3- og 4-roms, frå 63,8 til 99,3 m2. Første etasje i bygget blir eit parkeringsanlegg, med heis til leilegheitene. Over der kjem fire etasjar med leilegheiter, som alle saman får fantastisk fjordutsikt, seier dagleg leiar i Dvergsdal & Sunde Bygg AS, André Sunde.

Siktar på innflytting siste del av 2019
André Sunde er også kontaktperson i Nordfjord-avdelinga til utbyggar, og ansvarleg for salet.
– Vi tek sikte på at ein skal kunne flytte inn i Bygg B i siste del av 2019. Dette blir eit fantastisk høve til å bu sentralt på Nordfjordeid, men likevel usjenert heilt i fjordkanten, seier han og fortel at dei gler seg til å komme i gang med dette flotte prosjektet.
– Dette er eit nytt bygg med nye leilegheiter, men med den same fantastiske utsikta mot Eidsfjorden. Her får ein den nye Sagaparken som nabo, og ekstremt kort avstand til butikkar, kaféar og andre tilbod på Nordfjordeid. Du bur i gangavstand til det meste. I Bygg B bur du i ei lys og moderne leilegheit, heilt i sjøkanten på Nordfjordeid sin beste vestkant, seier han og fortel at dei også lagar løysingar der nabolaget kan komme saman.
– I 4. etasje lagar vi ein stor, felles takterrasse med rom for aktivitetar, til dømes Boccia. Det blir også eit felles uteområde med benkar og fjordutsikt på plan to, og ein promenade framfor husa, seier han og fortel at det ikkje berre er handel og servicetilbodet du får nærleik til.
– Sagaparken, det nye parkanlegget på Nordfjordeid, ligg like ved leilegheitene her. Dette er ein flott, grøn møteplass for nærturar, samt leik og moro for små og store. Her finn du badestrand, sandvolleyballbane, grillplass og treningsinstallasjonar. Ønskjer du heller fred og ro, så kan du trekke deg tilbake på din eigen terrasse. Der kan du nyte fjorden, fjella og det levande uterommet, eller du kan opne dei store skyvedørene og sleppe naturen inn. Kanskje det er slik du ønskjer å leve det enkle liv?

Drøymer du om ein enklare kvardag?

Har du lyst på ein enklare kvardag, i ei topp moderne leilegheit med fantastisk utsyn over Eidsfjorden? Ta kontakt med André Sunde for meir informasjon:
480 09 700
andre.sunde@dsgruppen.no

Les meir:

http://bygg-b.sagaparken.no/