Kvifor heiter det to-,-fire-,- fleirmannsbustad?

André Sunde og Narve Dvergsdal ønskjer innspel på kva Dvergsdal & Sunde Bygg AS kan kalle fleirmannsbustadar, utan å bruke nemninga mann

Ja, sei det? For det er jo slik at vi faktisk byggjer bustadar for både menn, kvinner og born, vaksne og familiar, ikkje berre menn. Difor ønskjer vi innspel på kva ord vi kan nytte i staden for mann føre bustad.

– I Dvergsdal & Sunde Bygg AS er vi særs oppteken av at vi byggjer bustadar for alle. Uavhengig av alder og kjønn, sjølv om vi har ein del bransjeord vi nyttar til å beskrive enkelte typar bustadar, til dømes 2-manns og 4-mannsbustadar. Her om dagen fekk eg ein e-post frå ein som spissformulerte litt og lurte på om det var slik at desse bustadane berre var for menn. Det fekk meg å tenke. Vi er jo kjønnsnøytrale, så vi ønskjer å engasjere folk i dette spørsmålet, seier André Sunde, dagleg leiar i Dvergdal & Sunde Bygg AS.

– Difor ønskjer vi innspel frå folk der ute, på kva ord/namn/uttrykk vi kan bruke på slike bustadar, for å gjere dei kjønnsnøytrale. Premien til den som kjem med det forslaget vi ender opp med å bruke, er ein middag for to personar, anten på Thon Hotel Jølster eller Førde.