Lokalt samarbeid gav salsuksess i Florø

Framdrifta på Fjordgata Panorma er god – i november er det klart til innflytting

6 av 8 leilegheiter i Fjordgata Panorama i Florø er no selde, eit halvt år før leilegheitene er klare til innflytting. Prosjektet vert bygd av Vestlandet Utvikling AS – eit samarbeid mellom selskapa Dvergsdal & Sunde Bygg AS og Trygve Ullaland AS.

Dvergsdal & Sunde Bygg AS sat med ei flott tomt i Florø, som dei planla eit godt leilegheitsprosjekt på. Men dei kom ikkje i gang. Løysinga vart eit samarbeid med den lokale maskinentreprenøren Trygve Ullaland AS.
– Vi jobba med å komme i gang med prosjektet, og lanserte ulike løysingar. Så kom vi i kontakt med Thor-Arne Ullaland, dagleg leiar i maskinentreprenøren Trygve Ullaland AS. Dette er den aktøren som har bygd flest bustadar i Florø. Dei kjenner marknaden særs godt, og ønska å samarbeide med oss. Vi valde å gjere dette via selskap Vestlandet Utvikling AS, som vi eig i fellesskap, seier Narve Dvergsdal, avdelingsleiar Sunnfjord i Dvergsdal & Sunde Bygg AS.

Samarbeidet mellom Dvergsdal & Sunde Bygg AS og Trygve Ullaland AS gjennom selskapet Vestlandet Utvikling AS gav gode resultat.
– 6 av 8 leilegheiter i Fjordgata Panorma er alt selde, eit halvt år før bygget skal vere klart til innflytting, seier Narve Dvergsdal, avdelingsleiar Sunnfjord i Dvergsdal & Sunde Bygg AS.

Salssuksess for Fjordgata Panorama – klart til innflytting i november
Samarbeidet gav raskt resultat. Dei lanserte prosjektet og byrja å grave i februar i år.
Halvparten av leilegheitene vart selde med ein gang. Eit halvt år før ferdigstilling er berre to av åtte leilegheiter ledige.
– Det er ein utruleg bra salsstart. Viss ein har lyst til å bu i eit særs flott område i Florø, med kort veg til alt og utsikt over sjøen, så må ein vere om seg. Vi har berre to leilegheiter igjen: Ei på 112 m2 og ei toppleilegheit på 153m2. Dette er store og flotte 4-og 5-roms leilegheiter som er klare til innflytting i november, seier Narve, og gir eit døme på korleis lokalkunnskap hevar eit prosjekt.
– Etter å ha gått inn i samarbeidet endra vi på plasseringa av balkong/terrassar, slik at dei no vender mot Florø sentrum, i sør. Her ute bygger ein etter nordavinden, for å få lune uteområde. Dette er eit godt døme på kor avgjerande lokalkunnskap kan vere. På grunn av suksessen med dette prosjektet søker vi no også etter dyktige tømrarfirma, som kan utføre slikt arbeid. Så det er berre å ta kontakt, seier Narve.

Fjordgata Panorama let deg bu med havutsikt, og kort veg til Florø sentrum.

Fjordgata Panorma: Nær både sentrum og sjøen – men tilbaketrekt og fredeleg
Fjordgata Panorama ligg nokre minutt unna Florø sentrum, men tilbaketrekt og roleg – med fantastisk sjøutsikt.
¬– I bransjen vår snakkar ein om dei tre P-ar: Plassering, plassering, plassering. Det er ein floskel – men det er sant. Folk vil bu i flotte område, som ligg nær sentrumsfunksjonar og natur. I Fjordgata Panorama får dei det beste med å bu nær Florø sentrum, samtidig som dei bur i eit roleg område utanfor ”sentrumsstøyen”, seier Narve.
– Fjordagata er eit av dei eldste buområda i Florø, og for tida pussar Flora kommune opp heile gata. Det føregår mykje fornying i området, som gjer dette til ein endå flottare stad å bu. Fjordgata Panorma ligg solrikt til, og du spaserer til Amfi Florø på cirka 3 minutt. Sjøen ligg nokre meter unna, og du får fantastisk utsikt mot nord. Balkongar/terrassar ligg sørvendt mot Florø sentrum, slik at du får lune, gode uteområde. Bygget og leilegheitene held høg standar, med tilnærma vedlikehaldsfri fasade, sjølvreinsande vindauge og vassboren varme i golva. Ein har også god parkeringskjellar og gjesteparkering.

Oppteken av lokal verdiskaping
Å bruke ein lokal samarbeidspartnar gir særs gode prosjekt.
– Dvergsdal & Sunde opererer i heile fylket. Vi har ein del kjerneområde der vi er godt kjent. Når ein då skal operere i område der vi ikkje er like kjent med marknaden, tilfører samarbeid med lokale aktørar oss viktig lokal marknadskompetanse. Og ikkje minst gir eit slikt samarbeid større lokal verdiskaping. Dvergsdal & Sunde ønskjer ikkje å vere ein aktør som kjem med ein arbeidstokk og ”hentar” ut pengar – det skal ligge verdiar att etter oss. Og så trur vi også at slike samarbeid gir særs gode prosjekt. Dvergsdal & Sunde har sine styrkar, og Trygve Ullaland AS har andre styrkar. Vi er gode kvar for seg – og i eit slikt samarbeid får ein det beste frå to særs gode firma. Då blir sluttproduktet veldig bra, seier Narve.
– Samarbeidet mellom oss og Trygve Ullaland AS har gått veldig bra. Faktisk så bra at vi no jobbar vidare med konkrete prosjekt og tomter vi kan utvikle saman i Florø, og som snart kjem på marknaden.

Nysgjerrig på Fjordgata Panorma? Ta kontakt med Narve Dvergsdal
Mobil: 48 00 28 00
Tlf.: 57 72 65 00
E-post: narve.dvergsdal@dsgruppen.no
www.dvergsdalogsunde.no/prosjekt/fjordgata-panorama