Flytta til Nordfjordeid og Hotellhagen

Eid kommune har flott utvikling av folketal. Bustadutbyggar Dvergsdal & Sunde merkar trenden med at folk frå andre stadar flyttar dit. Nyleg selde dei blant anna leilegheit til eit par som brukar Eid som base for pendling til studie og jobb andre stadar.

Eit av dei siste sala i prosjektet Hotellhagen gikk til Karl Oskar Volle og Beate Teigen. Ho er frå Stad, men studerer i Volda. Han er frå Måløy, men jobbar som blikkenslagar i Stryn. Då er Nordfjordeid den perfekte staden å bu.
– Eg gjekk på vidaregåande skule i Nordfjordeid. Eg likte meg veldig godt der, og har alltid sagt at eg skulle bu der etterkvart. Eid kommune er sentralt, både i høve til å reise heim til Stad og Måløy, men óg i høve til jobb og studie i Stryn og Volda. Å bu her er særs praktisk, det gir oss fleire moglegheiter og sparer tid, seier Beate Teigen.

– Leilegheita i Hotellhagen fekk vi verkeleg lyst på
Etter å ha jakta på ein passande stad å bu i Nordfjordeid, kjøpe dei leilegheit i Hotellhagen.
– Vi byrja bustadjakta før jul med å sjå på ulike alternativ. Vi ønska å bu i gangavstand til sentrum, men anten var leilegheitene for små, eller så vart det for dyrt. Så oppdaga vi leilegheita i Hotellhagen. Den var passe stor, veldig fin både inne og ute, sentralt plassert og ikkje minst var prisen grei, seier ho.
– Den leilegheita fekk vi verkeleg lyst på. Den var perfekt i høve til våre behov. Vi fekk ei flott, sentralt plassert leilegheit, med veldig flott uteområde, til ein veldig grei pris, seier Karl Oskar Volle.

– Eg kan tilrå andre å flytte hit også
Beate har to år igjen av studia. Med tre skuledagar per veke i Volda, er planen å pendle. Sambuar Karl Oskar har flytta inn, medan Beate ventar til alt er på stell. Leilegheita på 87 m2 er i ferd med å bli ein heim.
– Vi har fått inn litt møblar, men er ikkje heilt i mål. Å ha kjøpt sin første bustad er uansett ei særs god kjensle. Det er herleg å eige noko sjølv, komme heim og gjere det ein vil. Vi er godt nøgde med både leilegheit og Dvergdal & Sunde. Eg kan trygt anbefale andre å flytte hit, seier Karl Oskar.
– Dvergsdal & Sunde har vore ein grei part å kjøpe leilegheit av, og Hotellhagen er ein veldig fin plass å bu.

Hotellhagen – for deg som ønskjer å bu i gangavstand til det meste av Nordfjordeid sentrum

To leilegheiter igjen
Dei nyaste prosjekta til Dvergsdal & Sunde er Sagaparken Panorama og Hotellhagen i Nordfjordeid sentrum. No har dei berre to ledige leilegheiter att i Hotellhagen.
– Her er det framleis mogleg å sikre seg ein flott bustad. Dette er leilegheiter som høver dei fleste. Prisen er gunstig, så det er mange som kjøper sin første bustad her. Det er eit godt høve for unge som skal etablere seg. Hotellhagen er eit veldig fint felt som vi byggjer vidare på, med leilegheiter i firemannsbustadar. Feltet ligg sentralt, du går til sentrum og det meste i Nordfjordeid i løpet av nokre minutt, seier André Sunde, dagleg leiar i Dvergsdal & Sunde.

Snart kjem Sagaparken Panorama byggetrinn 2
Med Hotellhagen i mål byrjar snart Dvergsdal & Sunde på neste prosjekt.
– Det neste for oss blir byggetrinn 2 i Sagaparken Panorma, som vi startar på i år. Det kjem også eit byggetrinn til i Hotellhagen, med 12 leilegheiter. Begge er flotte prosjekt, tilpassa ulike kundegrupper. Det sikrar at alle som ønskjer å bu i Nordfjordeid kan finne ein bustad etter deira smak og lommebok dei kommande åra, fortel han.
– Sagaparken Panorma byggetrinn 2 er 15 lyse og moderne leilegheiter, frå 2– 4-roms, frå 63-100 m2. Her bur ein i sjøkanten på Nordfjordeid sin beste vestkant – med fantastisk utsikt over fjorden. Bygget får eige parkeringsanlegg, heis til leilegheitene og stor felles takterrase. Like ved ligg det nye parkanlegget Sagaparken, med badestrand, sandvolleyballbane, grillplass og treningsinstallasjonar.

Sagaparken Panorma – snart byrjar Dvergsdal & Sunde på andre byggetrinn. 15 lyse, moderne leilegheiter, heilt i sjøkanten.

Nordfjordeid – viktig marknad for Dvergsdal og Sunde
Dvergsdal & Sunde er tilstades i heile fylket. Men Eid kommune er eit av kjerneområda.
– Vår strategi er å satse i heile fylket. Og med kontor i Nordfjordeid, Førde og Sogndal kan vi best mogleg serve Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. For tida har vi store prosjekt i Førde, Florø, Sogndal, Eid og Jølster. Eid kommune er ein bu- og arbeidsregion i fantastisk utvikling, med stort potensiale for vidare vekst. Strategisk god plassering i Nordfjord, eit omland med 40.-50.000 menneske, førsteklasses tilhøve for kultur og idrett og ein kommune som leverer gode kommunale tenester– gjer Eid til ein god kommune å bu i. Og Nordfjordeid har blitt ein fantastisk tettstad der folk ønskjer å bu, seier han og held fram.
– Dei neste åra kjem det store utbyggingar i eit omfang ein ikkje har sett før, som gjer Nordfjordeid til eit endå betre og meir levande lokalsamfunn å bu i. Vår oppgåve er å lage flotte bustadprosjekt, der folk får lyst til å bu. Difor byggjer vi prosjekt med bustadar i ulike storleikar og prisklassar. Vi ønskjer å nå både dei som til dømes vil flytte frå einebustad til leilegheiter med mindre vedlikehald og hagearbeid, men óg unge nyetablerarar i marknaden. Det er viktig at unge som skal etablerer seg også får gode bustadar, der dei har lyst til å bu.

Du kan lese meir om Hotellhagen her:
https://www.dvergsdalogsunde.no/prosjekt/hotellhagen-nordfjordeid

Og om Sagaparken Panorma byggetrinn to her
http://bygg-b.sagaparken.no/